Nordfjord sjukehus med sprengt kapasitetNordfjord sjukehus har i dag sprengt kapasitet. I tillegg, grunna dårleg ver og rasfare, blir no pasientar som eigentleg skal til Førde, sendt til Norfjord. Er dette eitt av døma på at sjukehusbehovet er reelt, og at følgene blir deretter om ein legg ned sjukehuset? Kanskje styringsgruppa kunne fokusere på å skaffe midlar, heller enn å diskutere suboptimale modelløysingar. Saksdokumenta frå informasjonsmøteneSaksdokumenta frå informasjonsmøta om høyringa til strategiplan 2020 i Helse Førde kan lastast ned frå denne sida Dokumenta er PDF-filer, men på enkelte system får du ikkje .pdf i filnamnet. Då må du altså legge dette til sjølv dersom du ikkje får lest fila. Helse Førde vil legge ned - er vi overraska?Kvifor dagens forslag til strategi for økonomiske innsparingar skaper furore er uforståeleg. Dette har lege i korta svært lenge, og burde vore adressert i god tid før “arbeidsmøta” med folk i fylket. Sjølvsagt har interesserte i saka sett denne tendensen tidleg, men styret har ikkje vore villig til å kommunisere konkret rundt planane. Det er meget arrogant av styret å behandle folk i fylket slik, det er nettopp desse modellande som burde vore tema på folkemøta. I staden har styret oppførst seg som om dei latar til å tru at folk trur at dei blir hørt ved å invitere til meiningslaus aktivitet rundt straegien. Beklager, men slikt vert gjennomskoda. Kva no? Kanskje må løysinga bli lokale private initiativ, der vi må betale for både å få føde under anstendige forhold og tilgang til akuttmedisinsk kompetanse. For som vi ser av forslaget til styret i Helse Førdet: money talks. Jon Bolstad og leiarskapDagens artikkel frå NRK avdekker eit leiarskap som ikkje bør fortsette særleg lenger. Saka i seg sjølv burde føre at Jon Bolstad fråtrer stillinga si i Helse Førde: Referat frå arbeidsmøtaReferat frå arbeidsmøta i Lærdal, Førde og Eid er no lagt ut her (i høgre kolonne). Hus å legge til .pdf i slutten av dokumentnamnet om du ikkje får lest dokumentet! Gammal post: Arbeidsmøte om Helse Førde sin framtidige strategiVår første post forsvann i informasjonsjungelen, sidan vi hadde dårleg kjennskap til Origo-systemet, og funksjonaliteten rundt dette. Så vi posta innlegget feil. Sidan vi heldigvis fekk respons frå på saka, linkar vi til saka herifrå. Her er gode kommentarar frå bl.a Rune Larsen Saka finn de her Helse Førde mot 2020 no også på FacebookVi har bestemt å etablere denne sona som en gruppe på Facebook. Facebook-gruppa finn du her Origo vil framleis vere hovudarena, men vi entrar Facebook sidan mange foretrekk å opphalde seg der. Om desse vil ha strategisk betydning gjenstår å sjå :) Folkemøte 12.01.2010Møtet i kantina på Nordfjordeid vart diverre nok ei stadfesting av eit arrogant styre i Helse Førde. Grunna mangelfull informasjon i forkant av møtet var det relativt få oppmøtte, og mange ytra at informasjonssvikt nettopp er grunn til dette. I tillegg til dårlig informasjon, var møteforma noko besynderleg. Helse Førde strategi 2020 i mediaVi tenkte først å liste diverse medieomtale her. Men vi har i staden prioritert å nytte bokmerke-funksjonaliteten som er innebygd i Origo. Alle linkar blir frå no av å finne under bokmerker Lenker til strategisk informasjon frå føretaket og departementetDepartementet (2007): lokalsykehusenes rolle i akuttkjeden Strategi fra Helse Vest 2020 (PDF) Streategi_for_helseregionen Helse Førde mot 2020
Følges av 8 medlemmer.
ENDRING: Takk for oss. Denne sona er eit verkøy for å betre belyse og analysere aktiviteten rundt Helse Førde sitt arbeid rundt strategi for 2020. Vi oppfordrar alle til å delta, og ønsker innspel både frå fylket, og ellers i landet. Sidan Helse Førde gøymer dokumenta sine relativt godt på sin eigen nettstad, vil vi prøve å sortere og tilgjengeleggjere (peike til) dei gjennom sona. Mykje av informasjonen frå foretaket er særs vanskeleg å finne. T.d var både aksjonsgruppa for lokalsjukehusa, og presse uvitande om at det var ope folkemøte på NSH 12.01.2010. På møtet viser det seg også at Helse Førde inviterer til debatt rundt vedtak fatta på styremøter tidlegare. Sona skal hjelpe publikum og tilsette i helsevesenet i fylket å få oversikt over prosessane rundt styret i Helse Førde. I tillegg håpar vi på å oppnå kritisk masse, og samle data frå brukerane av sona. Slik ønsker vi å demokratisere prosessane, og få folket i tale. Det er større sjanse å få kome med innspel her, enn på eit folkemøte ein gjekk glipp av. Vi håpar du vil vere med! Mer om sonen Helse Førde mot 2020 er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||